Transistor

Haugstadvegen 8,
2647 Sør-Fron
Norway

post@starmusic.no

(47) 975 44 317

Transistor


andet vart til i 2006 i forbindelse med eit musikkspel med Erling Solem og Terje Espe som hovedpersonar. Ut av dette sprang bandet The Strikkajakkers og plata "Storm ved Stadt" med bassist Frode Rønningsbakk og trommis Erik Vatne. Live vart bandet komplettert med gitarist Donald Bruset, og dei tok namnet Transistor.



Hausten 2007 takka bassist Frode for laget og inn kom bassist/vokalist/ Terje Craig. Dei starta prosessen med nok ei CD-innspeling i Skansen Lydstudio, og ein 6-spors CD med det oppfinnsame namnet "Transistor" vart utgitt i mai 2008. I 2011 ga bandet ut ein fullengders CD kalt "Som vist på Radio" og der gjestar Bård Svendsen på keyboards og Bente Smaavik på vokal. Frå den plata kom radiohiten "Røysta i Radioen". Nå på forsommeren 2012 er ein singel ute med dei to sommarlåtane "Sommarsingel" og "Cuba Libre".

Transistor har ein del til felles med Spinal Tap; trommiser kjem og går om ikkje under like mystiske omstende.... No er det Morten Olderskog som klamrar seg til krakken... Tidlegare trommisar: Erik Vatne (2006- juni 2008), Øyvind Wagnild (juni-des 2008), Vegard Enge (des 2008-des 2009) og Torgeir Bitnes Dammen (Jan 2010-Jul 2011). Hausten 2011 takka Donald "Stones" Bruset for seg, og Jan-Øystein Gjørv har no blitt med som gitarist.

I mars 2014 entret tre nye partsianer inn i Transistor-universet. Per Arne Dahl, trommer/kor
Ronny "Ponny" Kristiansen, bass/kor
Vegard Lien Bjerkan, keyboard/kor.

Alle sammen med en "trackrecord" lang som en arm, og vel så det.

  • Kontakt oss
  • Adress: Haugstadvn 8, 2647 Sør-Fron, Norway
    Phone:  +47 975 44 317
  • Email: post@starmusic.no

Copyright © All Rights Reserved